Invitasjon til fagdag med Norsk suggestopediforening
Styret i Norsk suggestopediforening inviterer til fagdag 10.09.2022.
Trekkplasteret i år er Jorunn Hetland med foredraget "Om læring: Et møte mellom nevrologisk og psykologisk forskning, og egne empiriske undersøkelser." Ho har ein doktorgrad i allmenn lingvistikk, er professor em. ved Høgskulen i Volda og suggestopediutdanna. Ho og førsteamanuensis em. Katrin Lunde (også språkforskar, også suggestopediutdanna, med doktorgrad i tysk språkvitskap) avslutta i juni 2021 eit forskingsprosjekt der Lozanov-metoden (suggestopedi) var utgangspunktet. Målet deira var å finna ut meir om korleis læring foregår i menneskehjernen. Resultata frå forskingsprosjektet er publiserte i rapporten
Nytt perspektiv på andrespråkslæring. En kritisk undersøkelse av Lozanov-metoden. Rapport fra forskningsprosjektet ‘Language learning and its neural correlates’. Høgskulen i Volda: Rapport nr. 109/2021.https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/handle/11250/2755916
Funna deira kan seiast å støtta sterkt opp om metoden, og dette vil dei fortelje om på fagdagen. Stikkord for foredraget er implisitt/ubevisst læring, hjernens reservekapasitet, emosjonar og læring, mønsterlæring og læring av strukturar i språket.
Suggestopedilærarane Einar Amund Kartveit og Else Bakkehaug vil óg gi korte innblikk i korleis metoden påverker undervisning for ulike elevgrupper. Henholdsvis for spor-1 elevar og i engelskundervisning.
Lisa Hartmark er ei av svært få som fekk trainerutdanning av Lozanov. Ho vil fortelje om digital suggestopediundervisning.
Tid og program:
10.september
10.00 Kaffe og mingling.
10.30 Velkommen og kort introduksjon til suggestopedi.
10.45 Jorunn Hetland: Om læring: Et møte mellom nevrologisk og psykologisk forskning, og egne empiriske undersøkelser.
13.00 Lunsj
14.00 Glimt av suggestopedi i praksis, ved Einar Amund Kartveit og Else Bakkehaug
15.30 Undervisning for analfabetar, og digital undervisning ved Lisa Hartmark.
16.30 Årsmøte
17.30 Middag
19.00 Google Disk og workshop
Pris:
Fagdag: Gratis!
Det vil bli mulig å kjøpe seg både enkel lunsj og middag.
Dersom det blir fullt vil medlemmer av suggestopediforeininga og andre suggestopedilærarar bli prioriterte.
Stad: Rosenhof skole, Trondheimsveien 2
Me treng å vera ei forening der me hjelper kvarandre til å nytta metoden i undervisninga vår. Det kanskje viktigaste me kan gjera er å laga og dela fleire aktiveringar, enten som spel eller andre undervisningstips. Tidlegare har me brukt søndagen til dette, men i år vil me samla alt på ein dag og nytta kvelden til dette. Målet er at alle skal få med seg fleire spel, utvida delingsplattformen vår på Google Disk, og bli meir kjend med kva som ligg der allereie.
Comments