
Invitasjon til 10-årsjubileum med årsmøte og fagdagar
I år er det ti år sidan Norsk suggestopediforening blei stifta, og det skal feirast med brask og bram! Eller rettare sagt: med eit fagleg interessant foredrag, med glimt frå suggestopedi/ suggestopediinspirert undervisning rundt om i landet, med festmiddag og taler, og (forhåpentlegvis) med besøk frå inviterte gjester.
Jorunn Hetland har ein doktorgrad i allmenn lingvistikk, er professor ved Høgskulen i Volda og suggestopediutdanna. Ho og førsteamanuensis Katrin Lunde (også språkforskar, også suggestopediutdanna, med doktorgrad i tysk språkvitskap) er midt i eit forskingsprosjekt der Lozanov-metoden er utgangspunktet. Målet deira er å finna ut meir om korleis læring foregår i menneskehjernen. Dei har allereie funne mykje interessant som stadfester (deler av) metoden, og dette vil dei fortelje om på fagdagen. Stikkord for foredraget er implisitt/ubevisst læring, hjernens reservekapasitet, mønsterlæring, korleis læra strukturar i språket. Dei har fått veldig gode tilbakemeldingar etter den svenske suggestopediakademin sitt fortbildningsträff i oktober.
Vi vil óg gi korte innblikk i korleis metoden påverker undervisning rundt om i landet. Korleis nytta metoden i engelskundervisning, og korleis suggestopedien kan påverka undervisning for spor-1 elevar med 2-3000 timar.
Som del av 10-årsjubileet inviterer vi særskild dei første medlemmene i foreninga, foredragshaldarar på tidlegare fagdagar, Utdanningsforbundet, utdanningsministeren, og dei som har bidratt mest til suggestopedien i Norge: Lisa Hartmark, Barbro Thordvaldsen og Anna Cramér.
Som ein del av styret sin strategi for å spre metoden og auka medlemstalet i foreninga, opner me i år fagdagen for alle lærarar, óg dei som ikkje er suggestopediutdanna.
Etter fagdagen inviterer me til festmiddag på skulen!
Søndagen vil me nytta litt annleis enn me har gjort før. Me treng å vera ei forening der me hjelper kvarandre til å nytta metoden i undervisninga vår. Det kanskje viktigaste me kan gjera er å laga og dela fleire aktiveringar, enten som spel eller andre undervisningstips. Nettopp dette vil me nytta søndagen til. På søndagen skal me dela oss i grupper og jobba kreativt med det me ynskjer og har behov for. Målet er at alle skal få med seg minst tre ulike spel. Vi ynskjer velkommen alle gode lærarar, suggestopedilærarar eller ikkje, til å dela og produsera spel og aktivitetar til bruk i undervisninga. Vi ynskjer óg å utvida delingsplattformen til suggestopedilærarane, Google Disk, og gjera oss meir kjend med kva som ligg der.
Stad: Kongshavn vg. skole, Kongsveien 30, 0193 Oslo. Trikk 18 eller 19 frå Jernbanetorget til Ekebergparken. Turen tar ca 8 minutter.
Tid og program:
21.mars
10.30 Årsmøte
12.00 Foredrag ved Jorunn Hetland
16.00 Glimt av suggestopedi i praksis, med Einar Amund Kartveit og Else Bakkehaug
17.00 Festmiddag
22.mars
10.00 Delingsplattformen Google Disk, innhald og korleis bruka den.
10.30 Gruppevis utarbeiding av aktiveringar/undervisningsmateriell.
14.00 Takk for no.
Pris:
Fagdag: GRATIS
Festmiddag: 300kr. Betal til kontonummer 0539.73.90170
Påmeldings- og betalingsfrist: 28. februar. Påmelding skjer i dette skjemaet. Dersom det blir fullt vil medlemmer av suggestopediforeininga og andre suggestopedilærarar bli prioriterte.